Andrews Creek er ei elv av smeltevatn som flyt sør langs austenden av Canadabreen og ut i vestenden av Lake Fryxell i Taylor Valley i Victoria Land. Namnet vart foreslått av hydrologen Diane McKnight, leiaren for eit lag frå US Geological Survey (USGS) som gjorde omfattande studiar av hydrologien og geokjemien i elvar og tjern i Lake Fryxell-vassdraget i 1987–94. Elva er kalla opp etter hydrologen Edmund Andrews, eit medlem av feltgruppa som studerte isbrehydrologi i 1987–88 og 1991–92.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Andrews Creek» frå , den 23. februar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys