Alph River er ei lita elv i Antarktis, som munnar ut i Walcott Bay i Victoria Land. Ho ligg i eit isfritt område vest for Koettlitzbreen på Scott Coast. Alph River flyt frå Trough Lake og flyt gjennom Walcott Lake, Howchin Lake og Alph Lake. Ho endar i ei subglasial elv under Koettlitzbreen til McMurdo Sound.S.J. De Mora, R.F. Whitehead and M. Gregory. Aqueous geochemistry of major constituents i Alph River and tributaries in Walcott Bay, Victoria Land, Antarctica. Antarctic Science, (1991), 3. pp 73–86

Elva vart namngjeven av Thomas Griffith Taylor under Terra Nova-ekspedisjonen i 1911–13. som utforska delen nord for Pyramid Trough. Han tok namnet frå opningssetninga i Samuel Taylor Coleridge-diktet Kubla Khan, sidan elva held fram nordover eit godt stykke under morene og til slutt forsvinn under Koettlitzbreen til Rosshavet. Dei nærliggande Xanadu Hills er namngjevne etter det same diktet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alph River» frå , den 23. februar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Victoria Land Kategori:Scott Coast