Ingvild Flugstad Østberg () er ein norsk langrennsløpar frå Gjøvik som representerer Gjøvik Skiklubb. Ho vart olympisk meister under vinterleikane i Sotsji i 2014 i den såkalla lagsprinten, saman med Marit Bjørgen, og tok sølvmedaljen i den individuelle sprinten i same leikane. Fire år seinare gjekk ho startetappen på det norske laget som vann 4 x 10 km stafett, dei andre på laget var Astrid U. Jacobsen, Ragnhild Haga og Marit Bjørgen.
I 2009 overraska Østberg stort og vart norsk meister på 15 km, berre 18 år gammal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ingvild Flugstad Østberg» frå , den 23. februar 2014.
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Folk frå Gjøvik