Lake Hoare er ein innsjø kring 4,2 km lang mellom Lake Chad og Canadabreen i Taylor Valley i Victoria Land i Antarktis. Overflatearealet er 1,94 km². Innsjøen vart namngjeven av den åttande Victoria University of Wellington Antarctic Expedition (VUWAE), 1963–64, etter fysikaren R.A. Hoare, eit medlem av VUWAE som utforska sjøane i Taylor, Wright og Victoria Valley.
Lake Hoare er demnd opp av ei tunge av Canadabreen, og ville elles ha drenert ut i Lake Fryxell, 3 km nordaust på andre sida av bretunga. Lake Chad, som berre ligg 5 meter søraust for Lake Hoare, flyt stundom over og ut i Lake Hoare.
Kjelder
Kategori:Innsjøar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys