Many Glaciers Pond er eit tjern, 500 meter langt, 1 km sør for snuten på Commonwealthbreen i Taylor Valley i Victoria Land. Tjernet er ein del av Aiken Creek-vassdraget og får vasstilførsel frå fleire isbrear, inkludert Commonwealthbreen, Walesbreen og ein namnlaus isbre like vest for tjernet. Namnet vart foreslått av Diane McKnight, ein hydrolog i US Geological Survey (USGS) som leia ei feltgruppe som studerte hydrologien i elvane som munnar ut i Lake Fryxell i Taylor Valley, 1987-1994.
Kjelder
Kategori:Innsjøar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys