Frøystul fjellkyrkje er eit sportskapell i Tinn kommune i Telemark fylke.

Fjellkyrkja står eit par mil vest for tettstaden Rjukan og seiast å vere bygd av det som tidlegare var biljardhus ved Krokan hotell. I området skal det ha vore ei kyrkje i mellomalderen. Kyrkja vart teken i bruk 14. august 1949 og innvigd 30. august året etter. Ho skal ha vorte utvida eit par gonger etter dette.Forutan Henriksveen (1986) bygger framstillinga på ei nettside hos Tinn kyrkjelege fellesråd som sidan er fjerna frå nettet. Same påstand finn ein hos Visitrjukan.com. Tilbygga er skildra i visitasforedag frå 2003 (teke av nettet).

Bakgrunnsstoff

Kyrkjesøk

Fotnotar

Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kyrkjer i Tinn Kategori:Norske kyrkjer frå 1950 Kategori:Kulturminne i Tinn