Rjukan kyrkje er ei krosskyrkje i Tinn kommune i Telemark.
Kyrkja vart teikna av brørne Carl og Jørgen Berner, som vann ein arkitektkonkurranse, og innvigd i 1915. I 1927 vart kyrkja ramma av ein flaum som utløyste stein- og jordskred. I 1953 datt taket ned, men ingen kom til skade. I 1965 brann kyrkja innvendig under innspeling av filmen Heroes of Telemark. Deretter vart ho bygd om innvendig etter planar av Asbjørn Stein, slik at ho i dag i praksis er ei arbeidskyrkje, sjølv om ho har ei meir tradisjonell ytre framtoning.
Kyrkjegården og gravkapellet er ein annan stad i byen, sør for jernbanelina.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kyrkjer i Tinn Kategori:Norske kyrkjer frå 1910-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Tinn Kategori:1915 i Noreg