Evansstraumen er ein stor isstraum som flyt frå Ellsworth Land, mellom Cape Zumberge og Fowler ishaug og ut i Ronneisen. Millsbreen flyt ved sidan av isstraumen på sørvestsida. Straumen vart registrert den 5. februar 1974 på Landsatbilete. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Stanley Evans, ein britisk fysikar som i 1961 utvikla eit apprat for radioekkolodd av innlandsisar og isbrear frå lufta. Han forska på den øvre atmosfæren ved Bruntisen i 1956–57.
Kjelder
Kategori:Isstraumar i Antarktis Kategori:Filchner-Ronne isbrem Kategori:Geografi i Ellsworth Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar