Ferrignostraumen er ein isstraum på meir enn 10 km som flyt ut i Eltanin Bay sørvest for Wirth Peninsula i Antarktis. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Jane G. Ferrigno frå United States Geological Survey (USGS). Ferrigno har vore ein spesialist nokre tiår frå 1970-åra i bruk av satellittbilete for isbrestudiar og kartkompilering.
Under breen ligg Ferrigno Rift, ein riftdal som er 1,5 km djup, 10 km brei og minst 100 km lang. Riftdalen vart oppdaga ved hjelp av radar som trengde ned i isen under kartlegginga av isbreen i 2010 av ei gruppe frå British Antarctic Survey og University of Aberdeen. Den isfylte riftdalen er knytt til havet og ein trur at han har innverknad på istapet frå Den vestantarktiske innlandsisen.
Kjelder
Kategori:Isstraumar i Antarktis Kategori:Geografi i Ellsworth Land Kategori:Riftdalar