Bachtoldbreen er ein isbre i Antarktis som flyt nord frå Mount Chaudoin i Gonville and Caius Range, til den nedre delen av Cottonbreen. Isbreen drenerer dei breie fjellsidene mellom Killer Ridge og Red Ridge. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Harry W. Bachtold i US Navy, som på den tida var eit medlem av byggemannskapet som bygde den originale Little America V-stasjonen og den første Byrd-stasjonen i 1955–57 før Det internasjonale geofysiske året.

Sjå òg Isbrear i Antarktis

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bachtold Glacier» frå , den 15. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Scott Coast