Einar Eimhjellen () er ein norsk folkemusikar. Han er spelemann, organisator, og pådrivar for tradisjonsmusikk i Sunnfjord. Eimhjellen var med på å skipe Naustedalen spelemannslag i 1953. I fleire år var han musikalsk leiar for spelemannslaget. Han har og vore styreleiar for laget i mange år. Frå 1996 til 2000 var han styreleiar for Sogn og Fjordane Folkemusikklag. I 1980 skipa han runddansorkesteret Naustedølen.

Einar Eimhjellen har gjeve ut platar saman med Naustedalen spelemannslag, Naustedølen, Naustedalen toradargruppe og Einar Eimhjellens gamaldansorkester. I tillegg til å sleppe egne plater, har Eimhjellen drive mykje innsamlingsarbeid. Mellom anna har han gjort lydopptak av spelemannen Nils Furnes på 1970- og 1980-talet. Han har og samla inn gamle slåttar frå Naustdal og Flora. Einar Eimhjellen har dessutan gjort innsamlingsarbeid i USA.

Prisar og utmerkingar Sogn og Fjordane Folkemusikklag sin folkemusikkpris (2010) Kongens fortenestemedalje i sølv (2008)

Referansar Fylkesleksikonet i NRK Folkemusikk.no Lydopptak av Einar Eimhjellen kan du høyre her. Opptaka er gjort av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, musikkavdelinga.

Kategori:Folk frå Naustdal Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv