Sritebreen er ein isbre som er over 37 km lang, og som flyt aust og søraust frå Janke Nunatak i Hauberg Mountains til Orville Coast i Palmer Land, vest for Spearbreen. Breen vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi tekne av U.S. Navy i 1961–67, og vart vitja av eit geologisk lag frå USGS, 1977–78, leia av Peter D. Rowley. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter offiser (seinare kaptein) David A. Srite i US Navy, som var sjefsnavigatør på LC-130-flyet som assisterte geologgruppa i området, 1977–78, så befalshavande i Antarctic Development Squadron Six i 1979 og 1980, og befalshavande i Naval Support Force i Antarktis, 1985 til 1987.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Palmer Land