Llaima er ein av dei største og mest aktive vulkanar i Chile. Han ligg 82 km nordaust for Temuco og 663 km søraust for Santiago, innanfor Conguillío nasjonalpark.
Geografi Toppen av Llaima består av to toppar. Den lågaste heiter Pichillaima, ligg kring 2920 meter over havet og er langt mindre markant enn den høgare nordtoppen.
Middelhøgda i terrenget kring Llaima er om lag 740 moh.
Denne vulkanen og vulkanen Sierra Nevada ligg kring Conguillíosjøen. Fjellsida vert drenert av elvane Captrén, Quepe og Trufultruful. Dei førstenemnde er sideelvar til Rio Cautín og sistnemnde munnar ut i Rio Allipén.
Utbrot Llaima er ein av dei mest aktive vulkanane i Chile og har ofte, men moderate utbrot. Llaima har vorte dokumentert sidan 1600-talet og har fleire fråskilde episodar med moderate og eksplosive utbrot, og stundom lavastraumar. Det siste store utbrotet i 1994.
Eit utbrot den 1. januar 2008 førte til at hundrevis måtte evakuere frå nærliggande landsbyar. Ei røyksøyle på kring 3000 m vart observert. Ein amatør fanga dei tidlege fasane av utbrotet på film. Den vulkanske oska frå Llaima dreiv austover over Andes og inn i Argentina. Oskefall vart registrert i området kring Zapala i Neuquén-provinsen, og førte til at fly til og frå Presidente Perón lufthamn nær byen Neuquén. Den 2. juli 2008 førte utbrotet til ei ny evakuering av 40 personar frå ein 15 km brei eksklusjonssone.
Eit utbrot vart observert den 5. april 2009 med pyroklastiske straumar, oske og lava i fjellsida.
Fritid Skisenteret Las Araucarias ligg på vestsida av vulkanen.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llaima» frå , den 12. januar 2014. oppgav desse kjeldene: Global Volcanism Program: Llaima Araucarias
Bakgrunnsstoff Llaima Volcano Visual Observation Project Sulfur Dioxide Plume from Llaima Volcano at the NASA Earth Observatory "Volcán Llaima, Chile" on Peakbagger
Kategori:Stratovulkanar i Chile Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Fjell i Chile Kategori:Vulkanar i Araucanía-regionen Kategori:VEI-5-vulkanar