Tjølling kyrkje er i Larvik kommune i Vestfold.

Området der kyrkja står, var eit lokalt maktsentrum for søre Vestfold i mellomalderen med m.a. kaupangen i Skiringssal og ein gamal kultplass. Kyrkja vart bygd på 1100-talet som basilikaGunnar Bugge: Basilica og skal i si tid ha vore den største kyrkja på landsbygda i Nord-Europa.Tjølling kirke: veien, sannheten og livet i bygda gjennom 850 år. Resten av historieframstillinga bygger på same bok. Ein trur at kyrkja brann på 1400-talet, og ho vart ramt av eit jordskjelv i 1759 og uver i 1760–61.

I 1762-64 vart so kyrkja bygd om av eit par tyske byggmeistrar og mista dermed basilikapreget. I staden fekk ho ein konstruksjon der veggane ber vekta av takkonstruksjonen. Det brann i tårnet (frå 1698) i 1783, 1800 og 1833, og i 1842 fekk kyrkja den takryttaren ho framleis har. Ho vart restaurert i 1860 og 1975.

Søraust for kyrkjegarden er Tjølling prestegard.

Bilete frå kyrkja

Kjelder

Bakgrunnsstoff Tjølling kirke (PDF-brosjyre) Larvik kyrkjelege fellesråd

Vestfolds vakre middelalderkirker (PDF-bok)

Fotnotar

Kategori:Kyrkjer i Larvik Kategori:Kyrkjer i Larvik prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Vestfold