mini|300px| Den indoaustralske plata er ei stor jordskorpeplate som omfattar kontinentet Australia og det omliggande havet, og strekkjer seg nordvest til det omfattar det indiske subkontinentet og farvatnet kring. Det vart forma då dei indiske og australske platene smelta saman for 43 millionar år sidan.(2010) Australia: The Land Where Time Began Nyar studiar og seismiske hendingar som jordskjelvet i Indiahavet 2012, indikerer at den indoaustralske plata kan vere i ferd med å bryte opp i to separate plater på grunn av stresset som er skapt av kollisjonen mellom den indoaustralske plata og den eurasiatiske plata langs Himalaya.(1995) Geologists Find: An Earth Plate Is Breaking in Two Den austlege delen (Australia) flyttar seg nordover med ein fart på 5,6 cm per år, medan den vestlege delen (India), berre flyttar seg nordover 3,7 cm per år på grunn av hindringa som Himalaya skapar. Denne skilnaden i rørsler fører til at plata vert pressa saman nær sentrum, ved Sumatra og ei potensiell deling av den indiske og den australske plata.(2012) Earth cracking up under Indian Ocean (2012) April 2012 intra-oceanic seismicity off Sumatra boosted by the Banda-Aceh megathrust(2012) Newscientist image Dei to protoplatene eller subplatene vert generalt kalla Den indiske plata og Den australske plata.
Ei tredje, Capricornplata, kan òg verte skild ut på vestsida av den indiske plata.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Indo-Australian Plate» frå , den 8. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Jordskorpeplater Kategori:Australsk geologi Kategori:Indisk geologi Kategori:Newzealandsk geologi Kategori:Geologi i Stillehavet Kategori:Geologi i Indiahavet Kategori:Indonesisk geologi