Simen Håkon Østensen () er ein norsk langrennsløpar som vart nordgsmeister på 50 km i 2010. Hans beste internasjonale resultat er tredjeplassen i ski-turneringa Tour de Ski 2006/07. Østensen er medlem av Fossum IF.
Karriere Østensen debuterte i verdscupen med å bryte femmila i Holmenkollen i 2005. Han fekk sitt gjennombrot under Tour de Ski 2006/07, der han leia samanlagt etter dei to første av i alt seks renn. Han enda til slutt på tredjeplass, hans fremste individuelle prestasjon i verdscupen. 17. februar 2008 gjekk han inn til verdscupsiger i lagsprint i tsjekkiske Liberec, saman med Martin Sundby. Østensen gjekk sisteetappen og slo finske Ville Nousiainen i spurten med fire tidels sekund.
Østensen tok sølv på sprinten under noregsmeisterskapen i Granåsen i Trondheim i februar 2008 og gull på 50 km under NM på ski 2010 i Tolga, ei tevling som gjekk i klassisk stil. Tre år seinare på Løten fekk han sølvmedaljen på NM-femmila, utan sjanse til å hamle opp med vinnaren Martin Sundby.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2005: Bronse i 2 x 10 km stafett med Fossum IF Ski-NM 2007: Ski-NM 2008: Sølvmedalje i sprint i Trondheim Ski-NM 2009: Ski-NM 2010: Gullmedalje på 50 km på Tolga Ski-NM 2011: Nr 5 på 30 km på Steinkjer Ski-NM 2012: Ski-NM 2013: Sølvmedalje på 50 km på Løten Ski-NM 2014: Gullmedalje på 15 km i Molde Ski-NM 2015: Nr 10 på 30 km på Røros
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langrennsløparar