mini|Basaltisk glas i eit tynnslip, vanleg lys øvst og polarisert lys under. Tachylitt er ein bergart av svart, grønt eller brunfarga vulkansk glas. Han vert danna av basaltisk magma som vert raskt avkjølt. Namnet kjem av gresk for 'hurtig' og 'oppløysande', det vil sei som løyser seg raskt i syrar.
Pseudotachylitt Pseudotachylitt (smeltemylonitt) er ein bergart som er oppstått ved delvis smelting i samband med sterk nedknusing (kataklase), sjå mylonitt.
Kjelder Tachylitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/tachylitt.
Kategori:Mafiske bergartar Kategori:Glasaktige bergartar