Hem kyrkje er ei langkyrkje i Larvik kommune i Vestfold. Kyrkja er første gong nemnt i 1392 og soknet i 1388. 600-årsjubileum vart feira i 1992, men kyrkja er av ein type som gjerna vart bygd på 1100- og 1200-talet.
Skipet og koret er av stein (bordkledt bindingsverk i austgavlen på skipet) og frå mellomalderen. Det tømra våpenhuset er truleg frå midten av 1800-talet. Den noverande takryttaren (også av tre) er frå 1847 (ombygd på 1900-talet). Sakristiet er frå 1932 og vart flytta i 1951.
Kyrkja var i privat eige til 1913. Utanfor kyrkjegardsmuren står eit kombinert bårehus og servicebygg frå 1976.
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Vestfolds vakre middelalderkirker (PDF-bok)
Kategori:Kyrkjer i Larvik Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Larvik prosti Kategori:Freda bygg i Vestfold