McCancebreen er ein isbre som flyt ut i Darbel Bay like vest for Widdowsonbreen, på Pernik Peninsula ved Loubet Coast i Graham Land. Han vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd. i 1955-57, og kartlagt frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Robert A. McCance i avdelinga for eksperimentell medisin ved Cambridge, som var med på rekne ut slederasjonane for britiske polekspedisjonar i perioden 1938-58.
Kjelder SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.
Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Loubet Coast