Robertbreen er den austlege av to isbrear som munnar ut i den sørlege delen av Edward VIII Bay. Han vart sett av Robert Dovers og G. Schwartz i 1954 medan dei var på ein sledetur for å drive landmåling i Edward VIII Bay. Han vart namngjeven av ANCA etter Dovers, som var landmålar og øvstkommanderande ved Mawson-stasjonen i 1954.

Sjå òg isbrear i Antarktis

Kjelder

Kategori:Isbrear i Enderby Land