Unionbreen er ein stor isbre som flyt gjennom sentrale område av Heritage Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Breen har mange issprekker og får tilført is frå fleire sidebrear. Isbreen drenerer platået ved Edson Hills på vestsida av fjellkjeda og flyt aust mellom Pioneer Heights og Enterprise Hills. Unionbreen vart kartlagt av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto av U.S. Navy (USN) 1961-66. Namnet vart nytta av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med namnet Heritage Range.

Union Glacier Blue-Ice Runway SCGC og Union Glacier Camp ligg på breen.

Sjå òg

isbrear i Antarktis Isstraumar i Antarktis

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Union Glacier» frå , den 18. desember 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Isbrear i Ellsworth Land