Minnesotabreen er ein brei isbre i Antarktis. Han er kring 64 km lang og 8 km brei, og flyt aust gjennom Ellsworth Mountains, mellom Sentinel og Heritage Range. Han får istilførsel frå platået vest for fjella og av Nimitz og Splettstoesserbreane. Minnesotabreen flyt inn i den større Rutfordstraumen aust i Ellsworth Mountains.
Breen vart namngjeven av US-ACAN etter University of Minnesota, som sende forskarar til Ellsworth Mountains i 1961–62, 1962–63 og 1963–64.
Sjå òg Isbrear i Antarktis
Kjelder
Kategori:Isbrear i Ellsworth Land Kategori:Ellsworth Mountains