Rudolf Nierlich () var ein austerriksk skirennar frå Bad Ischl i Oberösterreich. Han vart verdsmeister i både slalåm og storslalåm under VM 1989 i Vail, og forsvarte VM-tittelen i storslalåm under VM 1991 i Saalbach-Hinterglemm.

Gjennom sesongane 1988-91 vann han åtte renn i verdscupen i alpine greiner, tre av sigerane kom i storslalåm og fem i slalåm.

Tre månader etter han hadde forsvart posisjonen som verdsmeister i storslalåm, omkom han på heimstaden St. Wolfgang am Salzkammergut då han i kraftig regnver kolliderte bilen sin mot ein husmur.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rudolf Nierlich» frå , den 15. desember 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Austerrikske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Døde i trafikkulukker