Konnerud gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Drammen kommune i Buskerud fylke. Ho avløyste ei kyrkje frå 1760 som vart oppført nokre tiår etter at det vart starta gruvedrift i området.

Då folketalet auka på 1970- og 1980-talet, vart kyrkja for lita, og ny kyrkje vart oppført eit stykke unna den gamle. Gamlekyrkja vert mest nytta ved spesielle høve, men kyrkjegarden er framleis i bruk. Gravkapellet er frå 1924, men vert ikkje nytta som gravkapell i dag.

Bilete frå kyrkja

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff Sigrid Marie Christie og Håkon Christie: Konnerud kirke i «Norges kirker» Kyrkjebladet for Konnerud og Skoger nr. 1/2008 om 150-årsjubileet Kyrkjesøk Konnerud kyrkjelyd Konnerud gamle kyrkje på YouTube

Kategori:Kyrkjer i Drammen Kategori:Kulturminne i Drammen Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Kyrkjer i Drammen prosti Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:1858 i Noreg