Jan Egil Andresen () er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Nesna i Nordland, busett i Elverum.

Karriere Andresen tok vidaregåande utdanning på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer. Han var mellom dei beste norske langrennsløparane i eit par sesongar kring 2005, og deltok for Noreg under vinter-OL 2006 i Torino. Både på 30 km og 50 km hamna han langt nede på dei olympiske resultatlistene.

Andresen oppnådde sitt beste internasjonale resultat då han kom på fjerdeplass i 15 km friteknikk i eit verdscuprenn i Nové Město 15. januar 2005. Kort etter gjorde han også sin beste nasjonale prestasjon då han tok sølvmedaljen på 15 km fri teknikk i NM 2005, slått med knapt 22 sekundar av Tore Ruud Hofstad. Året etter fekk han bronsemedaljen på 30 km under NM på Kongsberg, slått i spurten av den store overraskingsmannen Petter Northug og av Frode Estil.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2002: Nr 11 på 50 km på Vang Ski-NM 2003: Nr 6 på 30 km i Molde Ski-NM 2004: Nr 11 på 50 km i Bardufoss Ski-NM 2005: Sølvmedalje på 15 km på Lillehammer Ski-NM 2006: Bronsemedalje på 30 km på Kongsberg Ski-NM 2007: Nr 10 på 30 km i Meråker

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Jan Egil Andresen i fis-ski.com Jan Egil Andresen i olympedia.org

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Folk frå Nesna