Matthias Jacob () frå Tambach-Dietharz i Thüringen er ein tysk tidlegare skiskyttar som tevla for Aust-Tyskland. Mellom 1981 og 1987 var han med å vinne tre VM-gull og like mange VM-sølv i stafett. Individuelt fekk han ein sølvmedalje i VM 1987 og ein bronsemedalje under vinter-OL 1984, begge på 10 km. Han er gift med den tidlegare langrennaren Carola Anding.

Aktiv Jacob debuterte for DDR sitt skiskyttarlandslag i 1980. Allereie i sitt fyrste VM i Lahti i 1981 fekk han plass på stafettlaget som vart verdsmeistrar, ein prestasjon han var med på å gjenta året etter. Begge desse VM-titlane vann han i lag med Mathias Jung og Frank Ullrich. Under OL 1984 i Sarajevo vart Jacob beste austtyskar på 10 km og tok bronsen.

Etter han hadde sanka tre strake sølvmedaljar i VM-stafettar, fekk Jacob sin tredje gullmedalje i stafettøvinga under VM 1987. Her gjekk han saman med Jürgen Wirth, Frank-Peter Roetsch og André Sehmisch DDR inn til ein suveren siger, over to minuttar føre Sovjetunionen på sølvplass. I same meisterskapen gjorde Jacob sitt beste individuelle resultat då han tok sølv på 10 km, bakom suverene Roetsch og med Sehmisch på bronseplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1981 i Lahti: Gullmedalje i stafett, nr 5 på 10 km VM i skiskyting 1982 i Minsk: Gullmedalje i stafett, nr 4 på 20 km VM i skiskyting 1983 i Antholz: Sølvmedalje i stafett, nr 8 på 20 km Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Bronsemedalje på 10 km VM i skiskyting 1985 i Ruhpolding: Sølvmedalje i stafett og nr 7 på 10 km VM i skiskyting 1986 i Oslo: Sølvmedalje i stafett og nr 4 på 20 km VM i skiskyting 1987 i Lake Placid: Gullmedalje i stafett og sølvmedalje på 10 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Nr 9 på 20 km

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Austtyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1984 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1988