Lunner kyrkje er ei steinkyrkje frå 1100-talet som ligg på Lunnertoppen i Lunner kommune i Akershus.
Historie Lunner kyrkje vart bygd av stein og var opphavleg ei einskipa langkyrkje med eit rundt steintårn. På biletet er skipet i den opphavlege steinkyrkja delen til høgre.
I 1780-åra vart kyrkja bygd om til krosskyrkje, og det opphavleg runde kyrkjetårnet vart rive. Dei nyare delane er til venstre på biletet.
Dei nyare delane i tre vart restaurerte i 1987–1988, og då vart fundamentet til det runde steintårnet i vest avdekka – det einaste kjende runde kyrkjetårnet i Noreg. Over denne tårnfoten vart det etter restaureringa lagt eit glasgolv, slik at gjestar i kyrkja kan sjå den opphavlege konstruksjonen.
Den ytre diameteren på tårnet er 5,4 m. Det hadde inngang i vest, og det indre tårnrommet hadde ein diameter på berre 2,8 m.
Mellomalderdelen i stein er framleis ikkje restaurert.
Steinfigurar Utvendig er det ti uthogde figurar i veggane på den gamle delen av kyrkja. Den eine viser ei løve med gapande kjeft. Så følgjer ein kentaur som skyt med boge, på reileff 2. Relieff 3 viser ein mann som grip seg om skjegget med den eine handa.
Desse figurane er plasserte på sør- og austveggen av steinkyrkja, og på sakristiet. På kvar side av portalen finn vi to langsmale relieff. Det til høgre har to englar som bøyer seg mot kvarandre, og det til venstre tre mannsandlet omgitt av ei ranke.
Ein veit ikkje heilt kor dei har vore plassert opphavleg, men dei skal vere eldre enn det utvida koret. Det er sannsynleg at dei kan ha stått på det eldste koret og på vesttårnet. Relieffa er laga i sandstein, eit sjeldant materiale i dette området. Det er mogleg at det kan vere fleire skulpturar i grunnmuren. Ingen anna bygdekyrkje har så mange skulpturar i stein.
Ei segn fortel at Heilag-Olav skal ha starta byggearbeidet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lunner kyrkje» frå , den 7. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
Lunner kyrkjelege fellesråd
Bilete frå kyrkja
Kategori:Kyrkjer i Lunner Kategori:Kyrkjer i Hadeland og Land prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Lunner Kategori:Freda bygg i Akershus