«Undo» (norsk omsetjing Gjere om) er ein svensk popballade frå 2014, komponert av Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah. Songen blei framført av Sanna Nielsen og vann svenske Melodifestivalen i 2014 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest same år i København. Der enda han på tredjeplass i finalen.

Bakgrunn «Undo» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2014 og var komponert av låtskrivarveteranane Fredrik Kempe, David Kreuger og Hamed «K-One» Pirouzpanah. Kempe hadde tidlegare vunne Melodifestivalen tre gongar: «» (2008), «» (2009) og «Popular» (2011). Til å framføre låten hadde låtskrivarane henta Sanna Nielsen som sjølv hadde delteke i Melodifestivalen seks gongar tidlegare. Dette blei fyrste gongen ho vann Melodifestivalen.

«Undo» deltok i den andre delfinalen i Linköping 8. februar 2014, der han vann og kvalifiserte seg til finalen i i Stockholm laurdag 8. mars. Etter juryavrøystinga låg songen på andreplass, men vann telefonavrøystinga og vann samanlagt – berre to poeng framfor og «Busy Doin' Nothin'». Dette var den knappaste sigeren i Melodifestivalen på mange år. Med sigeren blei «Undo» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2014 i København.

Eurovision Song Contest I Eurovision Song Contest 2014 i København deltok Sverige i den fyrste semifinalen tysdag 6. mai 2014. Der enda songen på andreplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 10. mai 2014. I finalen var «Undo» det 13. bidraget ut på scena av 26 bidrag. I avrøystinga fekk «Undo» 218 poeng og enda på tredjeplass. Sverige fekk tre 12-poengarar, frå Danmark, Romania og Ukraina.

Listeplasseringar «Undo» nådde ein på andreplass på den svenske singellista og toppa Svensktoppen. Songen gjekk også inn på fleire europeiske hitlister og den australske hitlista etter Eurovision Song Contest.

Liste (2014)Høgasteplassering Austerrike (Ö3 Austria Top 40)12 Australia (ARIA Charts)81 Belgia, Flandern (Ultratop)25 Belgia, Vallonia (Ultratop)48 Danmark (Tracklisten)5 Finland (Digital nedlastning – Latauslista)7 Frankrike (SNEP)131 Island (RÚV)11 Irland (IRMA)21 Nederland (Single Top 100)21 Skottland (Official Charts)39 Storbritannia (UK Singles Chart)40 Sveits (Schweizer Hitparade)11 Sverige (Sverigetopplistan)2 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)32

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Undo» frå , den 15. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Melodifestivalen 2014-songar Kategori:Sanna Nielsen-songar Kategori:Songar skrivne av Fredrik Kempe Kategori:Songar skrivne av David Kreuger Kategori:Songar skrivne av Hamed Pirouzpanah Kategori:Engelskspråklege songar i Melodifestivalen Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Melodifestivalen-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Melodifestivalen 2015