Ole Røsholm () var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Hole i Buskerud.

Røsholm var son til ein gardbrukar i Hole. Sjølv arbeidde han som handelsbetjent i Kristiania frå 1855, og starta eiga forretning på Hønefoss i 1860. Frå 1872 eigde og dreiv han garden Hof i Norderhov, der han overtok krutverket og fekk bygt tresliperi i 1882 og papirfabrikk i 1891.

Han var fyrst varaordførar i Norderhov frå 1886, og sidan ordførar i tida 1894-1901. Perioden 1907-09 var han stortingsrepresentant for einmannskrinsen Ringerike og for Samlingspartiet. På Stortinget var han medlem av Lagtinget og av justiskomiteen. I 1907 var han permittert frå tinget frå 10. juli, i 1908 frå 17. august.

Røsholm var styreformann i Ringerike Sparebank i mange år, og tok del i styringa av mange industriverksemder.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Samlingspartiet Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Ordførarar i Norderhov Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Hole Kategori:Folk frå Ringerike