Alfred Janson () var ein norsk komponist, pianist og trekkspelutøvar. Han voks opp på Tjølling i Vestfold der han budde med familien til han var åtte år gamal. Sidan han var 18 har familien hatt hus på Lahelle i Sandefjord.

Biografi

Alfred Janson studerte komposisjon under Finn Mortensen og utdanna seg innan musikk både i Darmstadt og ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han var mest oppteken av jazz i 1950-åra, men frå byrjinga av 60-åra tok han til å komponera meir klassiske verk. Eit vendepunkt var klaverkomposisjonen November 1962. I 1991 var han festspelkomponist ved Festspela i Bergen.

Han var ein politisk markert komponist i 1970-åra, då han m.a. laga ein komposisjon for å minnast det fascistiske kuppet i Chile. Han komponerte eit verk til Arne Treholt ved arrestasjonen hans, og Den Konservative Studenterforening demonstrerte utanfor ved urframføringa.Kulturspeilet, 10.03.07 om Alfred Janson. Henta inn 27. november 2013 I godt vaksen alder tok Alfred Janson til å spela trekkspel att. "Trekkspel gjer folk lukkelege", seier han og kritiserer dei som meiner trekkspel er eit tarveleg instrument som ikkje er høgverdig nok.Klassekampen, 09.03.07: Trekkspill gjør folk lykkelige På 70-årsdagen hans i 2007 vart det urframføring av det musikalske verket hans, En bibelhistorie. Verket vart utgjeve på plate i 2010, der sonen og skodespelaren Teodor Janson er forteljarstemma medan Oslo Sinfonietta spelar musikken. Janson vann Edvard-prisen for verket i 2008.

Utvalde verk

Patrice Lumumba for piano, bass og trommer (1961) November 1962, for piano (1962) Vuggesang for sopran og 48 strykere (1963) Konstruksjon og hymne for symfoniorkester (1963) Kanon for kammerorkester og lydband (1965) Tema for blanda kor, orgel, piano og slagverk (1966) Nocturne for blanda kor, to celli og to slagverkgrupper (1967) Mot solen ballettmusikk på bestilling frå Festspela i Bergen (1969) Valse triste (1970) Kollasj over norsk kulturdebatt.Ballade, 06.12.06 om Alfred Janson. Henta inn 27. november 2013 Et fjelleventyr opera, skrive til Den Norske Opera (1973) Forspill konsert for fiolin og orkester (1975) Strykekvartett (1978) Errotikk og Pollitikk (suite for blanda kor og orgel med rytmeboks, 1983) Tekst av Arild Nyquist. Vinger for kor og ymse instrument (1983) Mellomspill for orkester (1985) Tre songar av Ebba Lindqvist for blanda kor (1986) Nasjonalsang (1988) Livsfrise for cello, kor og orkester (1999)

Prisar og utmerkingar

1966: Beste ikkje-hollandske verk i komposisjonskonkurransen ved Bilthoven-festivalen for "Konstruksjon og hymne" 1988: Lindemanprisen 2008: Edvard-prisen for En bibelhistorie 2010: Gammleng-prisen i open klasse

Kjelder

Kategori:Norske jazzmusikarar Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske pianistar Kategori:Norske trekkspelarar