«O-o-O Sole intorno a me» var det sanmarinske bidraget i Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev i Ukraina, framført på italiensk av Michele Perniola. Songen er skriven av Antonio Carozza, Massimiliano Messieri, Michele Perniola og Piero Romitelli.

Eurovision Junior Eurovision Song Contest 2013

Deltakinga til San Marino i Junior Eurovision Song Contest i 2013 var den fyrste. Radiotelevisione della Repubblica di San Marino valde songen «O-o-O Sole intorno a me» av den italienske songaren Michele Perniola som sitt bidrag.

Landet enda på tiandeplass med 42 poeng; fire frå Armenia og Russland, tre frå Kviterussland og Georgia, to frå Aserbajdsjan, Malta, Moldova, Sverige og Nederland og eitt frå Ukraina. San Marino fekk i tillegg fem poeng frå barnejuryen og kvart land fekk tolv bonuspoeng for å unngå at nokon ville ende opp utan poeng. Det var fyrste gongen San Marino deltok i ein Eurovision-finale. Landet har aldri delteke i finalen i Eurovision Song Contest sidan debuten i 2008.

Kjelder

Kategori:Junior Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Italienskspråklege Junior Eurovision Song Contest-songar Kategori:Sanmarinske Junior Eurovision Song Contest-songar