Robert Hooke () var ein engelsk fysikar og matematikar.
Han var professor i geometri ved Gresham College frå 1665. Han fann opp lommeuret og gav i 1665 ut eit optisk arbeid, Micrographia, der han skildrar sine observasjonar med eit forbetra samansett mikroskop. Her finst dei første skildringar av plantene sine celler. Hooke gjorde òg ei rekkje forbetringar ved astronomiske instrument og konstruerte den første reknemaskinen. Han utførte ei mengd fysiske undersøkingar over fall-lova, pendelen, interferensfarger i tynne hinner, faste lekamar sine elastiske tilhøve og mykje meir.
Sjå òg Hooke-lova
Kjelder «Robert Hooke» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.
Kategori:Engelske arkitektar Kategori:Engelske oppfinnarar Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Engelske filosofar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Isle of Wight Kategori:Vitskaplege instrumentmakarar Kategori:Fysikarar på 1600-talet Kategori:Naturfilosofar