Sir George Gabriel Stokes, 1. Baronet () var ein britisk matematikar og fysikar.
Han var professor i matematikk i Cambridge frå 1849. Stokes var dugande både i teoretisk og eksperimentell fysikk og fleire viktige fysiske lover er kalla opp etter han. Mest kjend er truleg lova om motstanden ein kuleforma lekam møter når det går med liten fart gjennom ein gass eller ei væske. Av den lova kan ein til dømes finne fallhastigheita for små regndropar.
Stokes vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1902.
Sjå òg Navier-Stokes-likningane Stokes-lova
Kjelder Ormestad, Helmut & Delphin, Inger Lise A.. (2009, 15. februar). George Gabriel, Sir Stokes. I Store norske leksikon. Henta 9. november 2013 frå http://snl.no/George_Gabriel%2C_Sir_Stokes.
Kategori:Irske matematikarar Kategori:Irske fysikarar Kategori:Britiske fysikarar Kategori:Britiske matematikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Væskedynamikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Presidentar i Royal Society Kategori:Viskositet Kategori:Copleymedaljen Kategori:Fysikarar på 1800-talet