James David Forbes () var ein skotsk fysikar og glasiolog som arbeidde mykje med varmeleiing og seismologi. Forbes budde i Edinburgh det meste av livet sitt og var lærar ved universitet og ein professor der frå 1833 til han vart rektor ved United College of St. Andrews i 1859.

Han arbeidde mykje med isbreane i Alpane og Noreg, som han utforska på fleire reiser i 1840- og tidleg i 1850-åra. Forbes skreiv Travels Through the Alps of Savoy (1843), Norway and its Glaciers (1853).

Han fann opp seismometeret i 1842.

Forbesbreen i Graham Land er kalla opp etter han.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «James David Forbes» frå , den 7. november 2013. oppgav desse kjeldene:

Brinchmann, Jacob. (14. februar 2009). James David Forbes. I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Edinburgh Kategori:Elevar ved University of Edinburgh Kategori:Skotske fjellklatrarar Kategori:Skotske fysikarar Kategori:Skotske oppfinnarar Kategori:Medlemmar av Royal Society of Edinburgh Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Glasiologar Kategori:Royal Medal Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Skotske geologar Kategori:Britiske seismologar