Robert Henry Dicke () var ein amerikansk fysikar og astronom.

Han var professor ved Princeton University frå 1957. Han er er særleg kjent for sine nye og til dels kontroversielle teoriar innanfor generell relativitetsteori og kosmologi. Han innførte i 1940-åra nye metodar for mikrobølgjeanalysar, noko som førte til konstruksjon av forsterkarar og radiometer som har fått stor tyding innan radioastronomien.

Kjelder Robert Henry Dicke. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.

Kategori:Kosmologi Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:National Medal of Science Kategori:Comstock-prisen i fysikk