Allyson Michelle Felix () er ein USA-amerikansk sprintar som har blitt både verdsmeister, verdsrekordhaldar og olympisk meister. Felix har vunne i alt sytten medaljar frå OL og VM, og av desse er tretten gull på 100 meter, 200 meter og stafett. Hennar personlege beste tider per november 2013 er: 100 meter på 10,89, 200 meter på 21,69 og 400 meter på 49,59.
Prestasjonar mini|venstre|Allyson Felix med stafettpinnen i Daegu i 2011.
Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors vart Felix verdsmeister for fyrste gong, på 200 meter. Ho gjentok prestasjonen i Osaka i 2007, då ho også kom til topps med begge USA sine stafettlag på respektive 4 x 100 m og 4 x 400 m. Med VM i friidrett 2009 i Berlin hadde ho teke tre gull på 200 meter i tre verdsmeisterskap på rad. Denne gongen deltok ho berre med stafettlaget på 4 x 400 meter, og sikra USA nok eit stafettgull. Under VM i friidrett 2011 i Daegu vann ho bronse på 200 meter sprint, sølv på 400 meter og gull på både 4 x 100 m og 4 x 400 m stafett.
Allyson Felix OL-debuterte i 2004 i Aten og tok sølv på 200 meter og samtidig sette ny verdsrekord for juniorar. Ho vart olympisk meister for fyrste gong under sommar-OL 2008 i Beijing, då ho vann med stafettlaget på 4 x 400 meter i tillegg til å ta eit nytt olympisk sølv på 200 m. London-OL i 2012 vart eit viktig OL for Felix, då ho endeleg vann ein individuell olympisk gullmedalje på 200 meter. I dei same leikane vann ho olympisk gull med dei amerikanske stafettlaga på både 4 x 100 m og 4 x 400 m. Felix vart med det den fyrste kvinna som greidde tre gull i friidrett i same OL sidan Florence Griffith-Joyner i 1988.
Vinnartida på 4 x 100 meter (40,82) som ho presterte saman med Tianna Madison, Bianca Knight og Carmelita Jeter, heldt til ny verdsrekord. Dette er gjeldande verdsrekord på distansen i november 2013.
Allyson Felix deltok på 200 meter under VM i friidrett 2013 i Moskva, men midt i finaleløpet sleit ho musklane på baksida av høgrelåret og måtte bryta. Shelly-Ann Fraser-Pryce frå Jamaica vann, medan Felix måtte berast av banen.New York Times, 16.08.13: Allyson Felix tears hamstring in 200 meters. Vitja 04.11.13
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Utslått i kvartfinalane på 200 m (23,33=nr OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 200 m – 22,18, bakom Veronica Campbell (22,05) VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje på 200 m – 22,16, framom Rachelle Boone-Smith (22,31) VM 2007 i Osaka: Gull på 200 m, 4 x 100 m og på 4 x 400 m stafett OL 2008 i Beijing: Sølv på 200 m, gull på 4 x 400 m stafett VM 2009 i Berlin: Gulll på 200 m og 4 x 400 m stafett VM 2011 i Daegu: Sølv på 400 m, bronse på 200 m, gull i 4 x 100 og 4 x 400 m stafett OL 2012 i London: Gull på 200 m, 4 x 100 og 4 x 400 m stafett VM 2015 i Beijing: Gull på 400 m, sølv i 4 x 100 og på 4 x 400 m stafett OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølv på 400 m, gull i 4 x 100 m og 4 x 400 m stafett VM 2017 i London: Bronse på 400 m, gull i 4 x 100 m og 4 x 400 m stafett VM 2019 i Doha: Gullmedalje i 4 x 400 meter mixstafett OL i 2021 i Tokyo: Bronse på 400 m, gull i 4 x 400 m stafett VM 2022 i Eugene: Bronsemedalje i 4 x 400 meter mixstafett
Kjelder
World Athletics
Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Folk frå Los Angeles