Ein kvantisert virvel er eit type strøymingsmønster som ein kan få i superflytande væsker.
Lars Onsager føresåg desse kvantevirvlane i 1947 i samband med superflytande helium. Onsager peikte òg ut at kvantiserte virvlar skildrar sirkuleringa i superflytande væsker og gjetta på at stimuleringa av dei er det som skapar faseovergangar i superflytande væsker. Desse ideane til Onsager vart vidare utvikla av Richard Feynman i 1955 og i 1957 vart dei nytta til å skildre magnetisk fasediagram av type-II superleiarar av Aleksej Abrikosov*Abrikosov, A. A. (1957) " On the Magnetic properties of superconductors of the second group ", Sov.Phys.JETP 5:1174-1182 and Zh.Eksp.Teor.Fiz.32:1442-1452. i 1950-åra.
Kvantiserte virvlar er observert eksperimentelt i type-II-superleiarar, flytande helium og atomiske gassar (sjå Bose-Einstein-kondensat).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Quantum vortex» frå , den 27. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Virvlar Kategori:Kvantemekanikk Kategori:Superleiing