1904 (romartal MCMIV) var eit skotår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet 8. februar: Japan går til krig mot Russland 16. juni: Den russiske generlaguvernøren Nikolaj Bobrikov vart døydeleg såra i eit attentat i Helsinki 28. juni: D/S «Norge» gjekk på St. Helens-revet like nordaust om Rockall. 610 av dei 765 som var om bord mista livet. John Ambrose Fleming fann opp røyrdioden
Noreg 23. januar: Bybrannen i Ålesund øydela 800 hus i sentrum av byen.
Fødde
7. januar: Ella Hval, norsk skodespelar 13. februar: Åsta Holth, norsk forfattar 1. mars: Glenn Miller, USA-amerikansk musikar 5. mars: Aleksej Kosygin, sovjetisk statsminister 7. mars: Ivar Ballangrud, norsk skeiseløpar 13. mars: Reidar Aulie, norsk målar 6. april: Kurt Georg Kiesinger, tysk statsminister 22. april: Robert Oppenheimer, USA-amerikansk fysikar 27. april: Ragnvald Skrede, norsk forfattar 11. mai: Salvador Dali, spansk målar 12. juli: Pablo Neruda, chilensk poet 21. august: Count Basie, USA-amerikansk musikar 22. august: Deng Xiaoping, kinesisk statsleiar 5. september: Anders Lange, norsk politikar og journalist 16. september: Vebjørn Tandberg, norsk industrileiar 2. oktober: Bahadur Shastri, statsminister i India 23. desember: Kolbjørn Varmann, norsk politikar
Døde
22. februar: Leslie Stephen, britisk forfattar og fjellklatrar 13. april: Vasilij Veresjtsjagin, russisk målar 1. mai: Antonín Dvořák, tsjekkisk toneskapar 10. mai: Henry Morton Stanley, britisk journalist 8. juli: Ole Anton Qvam, norsk politikar 15. juli: Anton Tsjekhov, russisk forfattar 18. august: Sivert Nielsen, norsk politikar 6. september: Per Sivle, norsk forfattar 8. desember: Bolette C. Pavels Larsen, norsk forfattar