Hastings er ein by i East Sussex, søraust i England. Han har rundt 90 000 innbyggjarar. Hastings er kjend som ein badeby og slaget ved Hastings i 1066, då Wilhelm Erobraren og normannarane tok over styret av England. Slaget stod eigentleg ved byen Battle i nærleiken. Hasting var ein av Cinque Ports, fem viktige hamnar i mellomalderen, men blei seinare mindre viktig etter. Hovudindustrien har sidan den tid og fram til no vore fiske.
Historie 240px|mini|venstre|Kystlina i Hastings.
Wilhelm Erobraren brukte byen som base då han steig i land i England. Då slaget ved Hastings var vunne bydge han ei borg her som ein kan sjå på Bayeuxteppet. Den noverande borga i Hastings er truleg bygd på den opphavlege grunnmuren.
I mellomalderen blei Hastings kalla den viktigaste av Cinque Ports, dei fem hamnebyane.
På 1200-talet blei store delar av byen teken av sjøen. Han blei overfalt og brunnen av franskmenn i 1339 og 1377, og gjekk deretter inn i ei nedgangstid. Det at Hastings mangla ei naturleg hamn gjorde ikkje stoda betre. Det blei lagt mange planar om å byggja ei hamn for byen, og i 1897 byrja ein eit prosjekt der ein stor «hamnearm» blei laga i sement. Pengemangel førte til at prosjektet aldri blei fullført, og under andre verdskrigen blei store delar av byggverket sprengd for å hindra tyske styrkar i å bruka det til å invadera England.
Utviklinga av det engelske jarnbanenettet og badeturisme gjorde likevel at byen voks på 1800-talet.
Kjende folk frå Hastings Catherine Cookson, forfattar Alistair Crowley, okkultist Pierre Teilhard de Chardin, filosof og teolog William Hale White, forfattar, også kjend som Mark Rutherford Desmond Llewelyn, skodespelar Spike Milligan, komikar Eugénie de Montijo, fransk keisarinne Winifred Wagner, leiar av festivalen i Bayreuth Arthur Wellesley, hertug av Wellington
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hastings» frå , den 16. november 2005.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i East Sussex Kategori:Distrikt i Søraust-England