mini|Marshalløyane med Ralik- og Ratakøyane Ralik-kjeda er ei øykjede i Marshalløyane i Stillehavet. Ralik tyder 'solnedgang', medan namnet på den andre øykjeda i Marshalløyane, Ratak, tyder 'soloppgang'. Innbyggjartalet på Ralikøyane var 19 915 i 1999. Øygruppa har ca. innbyggjarar. Mange øyar er ikkje folkesette, og på Bikiniatollen i øykjeda kan ein ikkje bu på etter ei rekkje prøvesprengingar her på 1940- og 1950-talet.

Geografi Ralik-kjeda ligg ca. 200 km vest for Ratakøyane, og strekkjer seg ca.  km i nordvestlig retning. Ralik-kjeda består av 15 atollar og 3 øyar.

Historie mini|Administrativt kart over Marshalløyane frå 1897.

Ralik-øyane har truleg vore folkesett av mikronesiarar sidan ca. 1000 f.Kr. Dei blei oppdaga av europearar i 1526 av den spanske kapteinen Alonso de Salazar, og blei også vitja av Álvaro de Saavedra kring 1529. Øyane kom seinare under spansk suverenitet.

Neuguinea-Compagnie, eit tysk handelsselskap, etablerte seg på Ralik-kjeda kring 1859. 22. oktober 1885 kjøpte Det tyske keisarriket alle Marshalløyane av Spania. Selskapet forvalta øyene fram til 13. september 1886, då området blei eit tysk protektorat. I 1906 blei det ein del av Tysk Ny-Guinea. Japanarar vitja øyane i 1885.

Under første verdskrigen blei området okkupert av Japan i oktober 1914, som i desember 1920 fekk eit forvaltingsmandat — det japanske stillehavsmandatet — over området av Folkeforbundet etter Versaillestraktaten i 1919.

Under andre verdskrigen blei øygruppa brukt som militærbase av Japan frem til USA erobra området våren 1944. Deretter kom øygruppa under amerikansk kontroll. Marshalløyane blei ein heilt sjølvstendig republikk i 1986.

Øyar og atollar i Ralik mini|Kili er ei av øyane i Ralik. Enewetak Ujelang Bikiniatollen Rongdrik Rongelap Ailinginae Wotho Ujae Lae Kwajalein Lib Namu Jabat Ailinglaplap Jaluit Kili Namdrik Ebon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ralik-kjeden» frå , den 19. oktober 2013.

Bakgrunnsstoff Om Ralik-kjeda ved oceandots.com Kart over Ralik-kjeda Historia til Ralik-kjeda

Kategori:Marshalløyane Kategori:Mikronesia