Iselin Nybø () er ein tidlegare norsk politikar for Venstre frå 1999 til 2022. Ho arbeidar no som partnar i advokatfirmaet Schjødt.
Bakgrunn Nybø er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og jobbar til dagleg i eit advokatskontor, der ho jobbar med ulike forretningsjuridiske problemstillingar med hovudvekt på skatterett. Ho kjem frå Randaberg i Rogaland fylke, men bur i dag i Stavanger.
Iselin Nybø var formannskapsmedlem, bystyremedlem og nestleiar i kommunalstyret for Oppvekst i Stavanger kommune. I perioden 2010–2012 var ho leiar i Rogaland Venstre. På landsmøtet til Venstre i april 2012 vart ho vald inn i sentralstyret til Venstre.
Ho vart vald inn på Stortinget for Rogaland Venstre i 2013.
Stortingsrepresentant Ho var forsking- og høgare utdanningsminister frå 2018 til 2020, og nærings- og fiskeriminister frå 2020 til 2021 i regjeringa Solberg.
Stortingskomitéar 2013-2017 første nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen. 2013-2017 medlem av Valkomitéen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Iselin Nybø» frå , den 19. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
Stortinget.no - Biografi
Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Venstrepolitikarar i Rogaland Kategori:Folk frå Randaberg