Samira Munir () var ein norsk-pakistansk politikar (H), fødd i Pakistan.
Munir var bystyrerepresentant i Oslo. Ho døydde då ho blei påkjøyrd av toget mellom Rosenholm og Kolbotn stasjon 11. november 2005.
Samira Munir uttalte seg fleire gonger om integreringa av innvandrarar i Noreg og kvinneundertrykking i islamske miljø. Ho hadde fleire kontroversielle syn, mellom anna gjekk ho inn for å forby muslimske skaut i skulen. På grunn av dette fekk ho fleire trugsmål på livet, og blei innkalla til samtalar med den pakistanske ambassadøren i Noreg.
Munir døydde i Follo i 2005.
Bakgrunnsstoff «Samira Munir døde fredag» – Aftenposten
Kjelder Bokmål- og riksmålswikipediaen
Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Nordmenn av pakistansk opphav