Sofienberg kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 i Oslo kommune. Kyrkja og soknet heitte opphavleg Paulus. I 1880 vart soknet delt. Då skifta kyrkja namn til Petrus, medan Paulus-namnet vart nytta for den andre delen av det gamle soknet og frå 1892 for ei anna kyrkje. Namnet Sofienberg har vore nytta sidan 1962.

Det var kyrkjegard i Sofienbergparken før kyrkja vart bygd, men han vart lagt ned trinnvis tidleg på 1900-talet. I dag er berre den jødiske kyrkjegarden att. Han ligg nord for kyrkja og er freda, men har ikkje vorte nytta på mange år.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Sofienberg kyrkjelyd Kyrkjesøk – Sofienberg kyrkje

Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kyrkjer i Nordre Aker prosti Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Jacob Wilhelm Nordan