George Grosz, opphavleg Georg Gross, () var ein tysk ekspresjonistisk målar, teiknar og grafikar.
Liv og gjerning Grosz er best kjend for sine satiriske karikaturteikningar av mennesketypar og samfunnsklassar i Tyskland under fyrste verdskrigen og i Weimarrepublikken, men arbeidde også med måleri og fotomontasjar. Han var aktiv i å fremje ein dadaistisk kunst i heimbyen Berlin, og var saman med Otto Dix sentral i kunstrørsla Den nye saklegdomen (Neue Sachlichkeit). Då Adolf Hitler kom til makta i 1933 flykta Grosz og emigrerte til USA. Nazistane kunngjorde at kunsten hans var «entartet», verka hadde degenerert til eit lægre kulturnivå.
Grosz sine erfaringar som soldat under fyrste verdskrigen, som sivilperson i Berlin i 1916 og 1917 og som pasient på eit militært mentalsjukehus, gjorde eit usletteleg inntrykk på han. Utan andre omsyn, kledde Grosz i bileta sine nakne dei byråkratane og profittjegerane som tente seg rike på krigen, han synte fram den brutale fattigdommen, den hemningslause livsførsla, det politiske kaoset og den sjølvtilfredse borgarskapen som dominerte samfunnet i åra etter verdskrigen var slutt.
Han døydde i Vest-Berlin.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «George Grosz» frå , den 7. oktober 2013.
Kategori:Tyske målarar Kategori:Ekspresjonistiske målarar