Voll (Valle) skipreide (Vallar skipreiða) var den sørlegaste av skipreidene på Jæren, oppkalla etter garden Voll, der no vestre helvta av tettstaden Vigrestad ligg.
Ho omfatta søre delen av Hå kommune (frå Varhaug og sørover), og vestlegaste luten av Eigersund kommune (Hellvik med omgjevnad), eller nøyaktigare:Arkivverket: Matrikkel 1838 storparten av Varhaug sokn (matrikkelgardane 52-83) heile Ogna sokn nordvestre hjørnet av Eigersund sokn (matrikkelgardane 51-60)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Voll skipreide vart nemnd Voll tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Voll tinglag oppløyst 1850Norges folk og land og erstatta av dei nye Hå tinglag (Nærbø og Varhaug sokner) og Eigersund tinglag (Eigersund og Ogna sokner).
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Hå kommune Kategori:Eigersund kommune Kategori:Skipreider