Arne Haukvik () var ein norsk politikar og friidrettsentusiast. Arne Haukvik var ein av hovuddrivkreftene bak den årvisse idrettstevlinga Bislett Games i Oslo. Han vart gjerne kalla «Mannen med stråhatten».

Som politikar representerte Arne Haukvik Senterpartiet, både i Oslo bystyre (1968-1979 og 1992-1995) og som stortingsrepresentant på 1990-talet. Etter 1997, då han ikkje vart nominert av Senterpartiet, gjekk han over til Pensjonistpartiet.

Haukvik hadde ei rekkje verv innan både idrett og politikk. Han var i mange år manager for den australske langdistanseløparen Ron Clarke som Haukvik hadde henta til Noreg for å delta på dei fyrste Bislett Games i 1965. Clarke budde då heime hjå Haukvik. Når det så ringte journalistar og ville intervjua Clarke, inviterte Haukvik dei på jordbær og fløyte i hagen. Dette vart byrjinga på Haukvik sine jordbærselskap og pressetreff som blei ein årleg tradisjon i forkant av Bislett Games. Under Bislett Games 1965 senka Clarke verdsrekorden på 10 000 meter med 34.8 sekund - den nye rekorden blei 27,39.4.VG, 21.08.12: Arne Haukvik er død

Arne Haukvik var lenge leiar for Bislett-Alliansen og var stemnedirektør for Bislett Games til Svein Arne Hansen tok over. Han arrangerte sjølv jordbærfestane fram til 2001, då han var for sjuk til å halda fram med det. Etter at Haukvik døydde av kreft i 2002, har kona hans, Ingjerd Haukvik, vorte invitert som æresgjest til Bislett Games.

Prisar og utmerkingar

Høgste utmerking frå Oslo Idrettskrets 1985 Bislettmedaljen 1985 Årets Oslo-borgar 1992 Riddar av det raude jordbær 1993 Høgste utmerking frå Norges Friidrettsforbund 1996 Norske Idrettsleder-Veteraners Ærespris for særleg fortenestfull innsats for norsk idrett 1998 Groruddalen Miljøforums Miljøpris 2000 Kongens fortenestmedalje i gull 2002 Idrettsgallaens heiderspris 2002

Kjelder

, henta inn 30. september 2013. Denne artikkelen bygger på «Arne Haukvik» frå , den 30. september 2013. Biografi på Stortinget.no

Kategori:Folk frå Sauherad Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen