Bosnia-Hercegovina debuterte i Eurovision Song Contest i 1993 og har delteke til saman 19 gongar. Frå 1961 til 1991 deltok landet i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, og i 1993 debuterte Bosnia-Hercegovina som sjølvstendig nasjon etter å ha komme på andreplass i kvalifiseringsrunda Kvalifikacija za Millstreet. Bosnia-Hercegovina har aldri vunne Eurovision Song Contest, men har ein tredjeplass fra 2006 som beste plassering. Sidan 2012 har Bosnia-Hercegovina berre delteke éin gong, i 2016. Fråværet skuldast hovudsakleg økonomiske problem i den bosniske allmennkringkastaren Radiotelevizija Bosne i Hercegovine (BHRT).
Historie Fram til byrjinga av 1990-åra var Bosnia-Hercegovina eun del av Jugoslavia, som hadde delteke i Eurovision Song Contest sidan 1961. I 1991 og 1992 erklærte Slovenia, Kroatia, dåverande Republikken Makedonia og Bosnia-Hercegovina sjølvstende frå Jugoslavia.
Dramatisk debut I 1993 melde Bosnia-Hercegovina seg på Eurovision Song Contest saman med seks andre land frå den tidlegare Austblokka. For å halde deltakartalet nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at dei sju nye landa måtte gjennom ein eigen førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringen ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Bosnia-Hercegovina vart nummer to i kvalifiseringen og sikra seg ein plass i finalen i 1993.
Dei fyrste deltakingene til Bosnia-Hercegovina var prega av den blodige krigen som herja i landet i 1990-åra. Landets fyrste deltakar, Fazla, og resten av den bosniske delegasjonen måtte på dramatisk vis ta seg ut av Sarajevo for å kunne komme til Irland. Sarajevo var på denne tida under kringsetjing. Under avrøystinga i Eurovision Song Contest same år måtte arrangørane bruke satellittsamband for å få kontakt med den bosniske juryen, sidan telefonnettet var nede i store delar av landet. Då dei fekk kontakt med den bosniske juryen, vart den bosniske juryen møtt med varm applaus frå publikum.
Under Eurovision Song Contest i Dublin i 1994 vart dei bosniske artistane Alma og Dejan møtt med overveldande jubel og applaus frå publikum. Applausen var så langvarig og kraftig at Denjan ikkje høyrde at orkesteret hadde byrja å spele. Også då den bosniske juryen vart kalla opp under avrøystinga, var applausen så øyredøyvande at programleiaren måtte be poengopplesaren Diana Grković-Foretić lese opp røystene frå start igjen. Noko liknande skjedde også under tevlinga i 1995.
Etter starten Sidan debuten og fram til 2012 var Bosnia-Hercegovina ein trofast deltakar i Eurovision Song Contest, men landet måtte stå over i 1998 og 2000. Årsaka var dårlege plasseringar åra før.
I åra 2013–2015 deltok heller ikkje Bosnia-Hercegovina i tevlinga, på grunn av økonomiske problem hos allmennkringkastaren Radiotelevizija Bosne i Hercegovine. Landet kom tilbake i 2016, men har stått over Eurovision Song Contest sidan 2017 på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen i BHRT. Kringkastaren skyldar EBU over 3 millioner euro og vart i 2017 utestengd frå å deltake i EBUs tevlingar og distribusjonsnettverk for nyheiter og idrett. Kringkastaren jobbar med å tilbakebetale gjelda, med ein mogleg retur til Eurovision Song Contest tidlegast i 2020.
Bosnia-Hercegovina har aldri vunne Eurovision Song Contest, men den beste plasseringa til landet kom i 2006, då gruppa Hari Mata Hari kom på tredjeplass med songen «Lejla». Det dårlegaste resultatet kom i Oslo i 1996, då Bosnia-Hercegovina ble nummer 22 av 23. I 2016 gjekk ikkje Bosnia-Hercegovina vidare til finalen, då dei vart nummer 11 i sin semifinale.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1993 Fazla «Sva bol svijeta» Bosnisk 27 16 52 2 1994 Alma og Dejan «Ostani kraj mene» Bosnisk 39 15 colspan="2" rowspan=2 1995 Davorin Popović «Dvadeset prvi vijek» Bosnisk 14 19 1996 Amila Glamočak «Za našu ljubav» Bosnisk 13 22 29 22 1997 Alma Čardžić «Goodbye» Bosnisk 18 22 colspan="2" rowspan=7 colspan="5" 1999 Dino og Béatrice «Putnici» Bosnisk og fransk 86 7 colspan="5" 2001 Nino Pršeš «Hano» Bosnisk og engelsk 29 14 2002 Maja Tatić «Na jastuku za dvoje» Serbisk og engelsk 33 13 2003 Mija Martina «Ne brini» Kroatisk og engelsk 27 16 2004 Deen «In the Disco» Engelsk 91 9 133 7 2005 Feminnem «Call Me» Engelsk 79 14 colspan=2 2006 Hari Mata Hari «Lejla» Bosnisk 229 3 267 2 2007 Marija Šestić «Rijeka bez imena» Serbisk 106 11 colspan=2 2008 Laka «Pokušaj» Bosnisk 110 10 72 9 2009 Regina «Bistra voda» Bosnisk 106 9 125 3 2010 Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 51 17 59 8 2011 Dino Merlin «Love in Rewind» Engelsk og bosnisk 125 6 109 5 2012 Maya Sar «Korake ti znam» Bosnisk 55 18 77 6 colspan="8" 2016 Dalal og Deen med Ana Rucner og Jala «Ljubav je» Bosnisk colspan=2 104 11
Resultata frå semifinalane i 1993 og 1996 er ikkje offisielt godkjend av Den europeiske kringkastingsunionen, og var berre med på å avgjere kva for land som fekk delta i Eurovision Song Contest.
Røystehistorikk Finalane
+ Bosnia-Hercegovina har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 115 02 95 03 76 04 61 05 59
+ Bosnia-Hercegovina har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 144 02 129 03 100 04 74
Semifinalane
+ Bosnia-Hercegovina har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 71 02 61 03 49 04 38
+ Bosnia-Hercegovina har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 53 02 51 03 50 05 46
Galleri
Kjelder
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Bosnia-Hercegovina i Eurovision Song Contest
Denne artikkelen bygger på «Bosnia-Herzegovina i Eurovision Song Contest» frå , den 6. juni 2021.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest