Re Fotballklubb (stifta 24. november 2008) held til i Re kommune i Vestfold. Klubben blei etablert etter ei samanslåing av dei lokale klubbane Ivrig og Ramnes. Re FK overtok dermed plassen til Ivrig i 4. divisjon. A-laget i klubben spelar 2013-sesongen i 4. divisjon.
Drakter og fargar Re sine heimedrakter er svarte med kvite striper på ermene. Dei har inga bortedrakt, av di ingen i lokalområdet spelar med svarte drakter. Det blei først bestemt at draktene skulle vere kvite, men sidan så mange lag i lokalområdet har kvite drakter, så enda det med svart. Eit anna alternativ til draktfarge var grønt og gult, som representerer fargane i kommunevåpenet til Re Kommune.
PeriodeProdusentSponsor2008–AdidasMeny
Arenaer Klubbkampane blir spelt på Bergsåsen idrettspark eller på Bibomyra. I tillegg er den nybygde Meny Arena eit alternativ på vinterstid.
Klubbrekordar Største siger: 10-2 mot Holmestrand, 22. juni 2010 Største tap: 10-1 mot Bærum 2, 5. september 2011 Største tilskodartal: Bergsåsen Kunstgress, 520 tilskodarar mot Teie, 30. september 2010
Trenarar Hein Henriksen er trenar for Re Fotballklubb. Under er det ei liste over alle som har trent Re, frå 2008 til i dag.
NamnNasjonalitetÅr Kristoffer Aas2008–2009 Hein Irgens Henriksen2009–2010 Leif Roger Budeng-Larsen 2011 Tore Flaatnes 2011Hein Irgens Henriksen 2011-
Tabellstatistikk Sesong Divisjon Kampar Sigrar Uavgjort Tap Poeng Sluttplassering 2012 4. div 20 9 1 10 28 6. 2011 3. div 26 5 2 19 17 14. 2010 4. div 22 19 2 1 59 1. 2009 4. div 22 12 3 7 39 3.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fotballag i Vestfold Kategori:Fotballag skipa i 2008 Kategori:Idrett i Tønsberg