«Puttin' on the Ritz» er ein popsong skrive og publisert i 1929 av Irving Berlin og introdusert av Harry Richman i musikalfilmen Puttin' on the Ritz (1930). Tittelen kjem frå slanguttrykket «putting on the Ritz» som tyder å kle seg særs moderne. Uttrykket var inspirert av det fasjonable Ritz Hotel.

Songen er skriven i forma AABA med eitt vers. I følgje Alec Wilder i studiet sitt av amerikansk pop, var rytmemønsteret i «Puttin' on the Ritz» det «mest komplekse og utfordrande eg nokon gong har kome over».Mueller, s. 267, quoting Wilder

Den originale versjonen av songen inneheld referansar til trenden på den tida då flott kledde, men fattige svarte folk frå Harlem spaserte opp og ned Lenox Avenue, «Spending ev'ry dime / For a wonderful time». Songen vart nytta med den originale teksten i filmen Idiot's Delight i 1939, der han vart framført av Clark Gable med kor, og han vart òg nytta i That's Entertainment (1974). Columbia gav ut ein singel med Fred Astaire i 1930, der han syng den originale teksten. For filmen Blue Skies (1946), der han vart framført av Fred Astaire, endra Berlin teksten til å omhandle rike kvite som vandrar opp og ned Park Avenue.Mueller, s.267: «In the original version it told of the ritzy airs of Harlemites parading up and down Lenox Avenue. For the 1946 film, the strutters became well-to-do whites on Park Avenue. The patronizing, yet admiring satire of the song is shifted, then, and mellowed in the process. The change may have had to do with changing attitudes towards race and with Hollywood's dawning wariness about offending blacks.»

Hitsinglar med songen vart spelt inn av Harry Richman og Fred Astaire, som songen særleg er assosiert med. Alle andre plateselskap i 1929-1930 hadde sine eigne versjonar av denne populære songen (Columbia, Brunswick, Victor, og alle billigkjedane).

Taco-versjonen

Ein synthpopversjon av Taco nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i september 1983 og selde til gullplate.http://www.billboard.com/charts/1983-09-10/hot-100 Han vart gjeven ut på albumet After Eight. Han inneheld òg ein steppedanssolo i midten til ære for Astaire.http://www.songfacts.com/detail.php?id=1858, Henta 16. september 2013.The Billboard Book of Top 40 Hits - Joel Whitburn - Google Boeken Denne versjonen vart rangert på 53. plass på lista til VH1 over 100 beste «One Hit Wonders» frå 1980-åra.

Andre versjonar Songen har vorte spelt av fleire andre artistar: Ein swingversjon av Benny Goodman i 1939PUTTIN' ON THE RITZ - Lyrics - International Lyrics Playground Ein Ella Fitzgerald-versjon i swingstil. Ein song og dans av Clark Gable i filmen Idiot's Delight i 1939. Eit song- og dansenummer av Fred Astaire i filmen Blue Skies i 1946 med ny tekst. Ein munter duett i Mel Brooks-filmen Young Frankenstein frå 1974, framført av Gene Wilder som Dr. Frederick Frankenstein og Peter Boyle som monsteret, ein parodi på filmversjonen til Fred Astaire frå 1946. Dennne versjonen vart sidan nytta i musikalen med same namn frå 2007. I Family Guy vart denne scenen parodiert vidare der refrenget av songen vert sungen av Stewie og ein zombifisert Chris Griffin i episoden «The Story on Page One». Alvin and the Chipmunks gjorde ein variant av Taco-versjonen for «Don't Be a Videot», ein episode frå 1984 av Alvin and the Chipmunks. Neil Diamond spelte inn songen i 1998 for albumet The Movie Album: As Time Goes By. Ein song av Shiny Toy Guns på den frøste versjonen av albumet We Are Pilots i 2005 vert berre kalla «Ritz». Ein speedmetal-versjon vart framført av det finske bandet Leningrad Cowboys i 2006 på albumet deira Zombies Paradise. Den original versjonen vart framført av Rufus Wainwright i 2007 på albumet hans Rufus Does Judy at Carnegie Hall. The Mighty Diamonds spelte denne songen, med somme variasjonar, i 1988, produsert av reggaeprodusent Ossie Hibbert. Taco-versjonen av songen vart nytta i Baby Geniuses (1999) Songen vert òg nytta som tittelmusikken for Game Boy-spelet Super Hunchback. Songen vert framført av Bertie Wooster (Hugh Laurie) i ITV-serien Jeeves and Wooster som gjekk 1990-1993. Taco-versjonen av songen vart nytta i filmen The Call (2013).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Puttin' on the Ritz» frå , den 16. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1929 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:New Wave-songar Kategori:Songar skrivne av Irving Berlin Kategori:Judy Garland-songar Kategori:Fred Astaire-songar Kategori:Benny Goodman-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Ella Fitzgerald-songar Kategori:Leningrad Cowboys-songar Kategori:Rufus Wainwright-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Sverige Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand