Føyno (Føyen) skipreide var ei av elleve skipreider i Sunnhordland, tidlegast i historia kjent som Kåravik skipreide. Begge namna er gjevne etter stader i Stord kommune, høvesvis øya Føyno og Kåravik (Kårevik), gard og bustadfelt i Leirvik.

Geografisk område etter gammal inndeling:Arkivverket: Matrikkel 1838 Stord sokn Bømlo sokn Bremnes sokn Moster sokn (unnateke området sør for Bømlafjorden) del av Fitjar sokn (øyane vest for Trollosen og Eggøyosen) del av Eid sokn (søre delen av øya Huglo).

Geografisk område etter noverande inndeling: Stord kommune Bømlo kommune (unnateke Aga krins) del av Fitjar kommune (øyane vest for Trollosen og Eggøyosen)

På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1872 vart Føyno tinglag oppløyst og erstatta av Finnås tinglag og Stord tinglag.Arkivverket: Om Føyen tinglag

Referansar

Bakgrunnsstoff Kart over Hordaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)

Kategori:Stord kommune Kategori:Fitjar kommune Kategori:Bømlo kommune Kategori:Skipreider